Nord prøver ut ny praksisordning for sjukepleiarstudentar

Sykepleiere på akuttmottak

Får velje sjølv: Nord testar no ei ordning der sjukepleiarstudenter sjølv får velje praksisstad. Arkivfoto: Kent Even Grundstad. 

Nord prøver ut ny praksisordning for sjukepleiarstudentar
Sjukepleiarstudentar har lenge hatt eit ønske om sjølv å kunne velje kor dei skal ha sin avsluttande praksis. No blir dette testa ut.

I tillegg har praksisfeltet ønskt at studentar dei skal tilsetje, skal ha avsluttande praksis der dei seinare skal jobbe.

– Studentane og praksisfeltet har med andre ord felles ønskjer. Dette har Nord universitet teke på alvor, opplyser studieleiar Hilde Holm Solvoll.

Positive til praksispilot

Portrett av kvinne. Foto
Positiv: Helse- og sosialsjef i Hadsel, Marion Celius.
Foto: Svein-Arnt Eriksen.

Nord universitet er no i gang med ein pilot for avsluttande praksisperiode for sjukepleierstudentar med etablert arbeidsforhold. Ordninga inneber at studentar på bachelor i sjukepleie no kan gjennomføre avsluttande praksis der dei har avtalt å jobbe etter endt utdanning.

I Hadsel kommune er helse- og sosialsjef Marion Celius veldig positiv til ordninga.

– Kommunen har også eigne ordningar for å rekruttere sjukepleiarar, som det er stor mangel på, seier Celius.

Hadsel er vertskommune både for Nord universitet og Nordlandssykehuset Vesterålen.

– Hadsel tilbyr fast tilsetjing i halv stilling gjennom heile studieløpet, med løna permisjon under praksis og undervisning. Ordninga gjeld for studentar som vil ta ein desentralisert, nettbasert sjukepleierutdanning, seier ho.

Då må dei binde seg til å jobbe i kommunen i to år og får tilbod om heil stilling.

Gode erfaringar i Vesterålen

Vinterbilde av bygning. Foto
Sikrar seg sjukepleiarar: Nordlandssjukehuset, avdeling Vesterålen. Foto: Svein-Arnt Eriksen

Men sjukepleiermangelen i kommunen blir ikkje løyst med dette lokale tiltaket åleine. Difor meiner ho den nye praksisordninga ved Nord, som gjeld heiltidsstudentar, kan bli eit svært godt supplement også i Vesterålen når denne moglegheita blir betre kjend.

Gjennom piloten har kirurgisk avdeling ved Nordlandssykehuset Vesterålen på Stokmarknes sikra seg tre sjukepleiarar i avsluttande praksis, opplyser Hilde Holm Solvoll.

Sjukehuset i Lofoten har sikra seg to studentar på kirurgisk avdeling, medan ein student skal jobbe på Byparken i Lofoten i sin avsluttande praksis.

I alt er det 76 studentar som i denne omgangen har takka ja til å vere med i ordninga. Desse er fordelt på 27 frå campus i Bodø, 6 i Vesterålen/Lofoten, 20 ved campus i Levanger, 18 i Namsos og fem på Mo.

Studieleiar Hilde Holm Solvoll håpar denne ordninga vil vise seg å betre rekrutteringa av sjukepleiarar og halde dei i eigen region.

I tillegg er føremålet å sikre:

  • enklare overgang og betre førebuing av studentar på sjukepleierrolla
  • fornøgde studentar
  • auka samspel mellom utdanning og praksisfelt
  • tryggare nyutdanna sjukepleiarar
  • kortare opplæringstid for nytilsette i praksisfeltet
  • fleire praksisplassar

Avsluttande praksis for sjukepleierstudentane på denne ordninga skjer frå veke 19, opplyser Hilde Holm Solvoll.