Livet som trafikklærar: – Mykje meir enn berre køyring

Kvinne som står ved siden av en bil. Foto

Stolt trafikklærar: Camilla Rønning (27) er stolt over både jobben og arbeidsplassen sin. Ho fekk jobb lenge før ho var ferdig utdanna. Foto: Bjørnar Leknes

Livet som trafikklærar: – Mykje meir enn berre køyring
Camilla Rønning frå Levanger elskar jobben sin. – Du møter så mange fine folk. Dei blir på ein måte borna mine, seier ho.

Nok ein arbeidsdag nærmar seg slutten. Dagens siste elev har nettopp rygga bilen perfekt på plass mellom to andre bilar. No står berre den korte men viktige samtalen etter køyreturen att.

Camilla Rønning er trafikklærar, og sit difor på passasjerplass. Ho er roleg og lyttande, og gir eleven konkrete tilbakemeldingar på køyringa. Eleven er hennar femte for dagen, og køyreturane går ofte rundt omkring i Levanger. Men tru ikkje at dagane blir like av den grunn.

– Nei, absolutt ikkje. Det fine med å være trafikklærar er at dagane er veldig varierte. Alle elevane er ulike, og da blir også både køyretimane og samtalane forskjellige.

Denne jobben passer veldig bra om du er glad i folk og i å sitte i bil. Du møter mange fine folk, og kjem tett på dei.

Camilla Rønning, trafikklærar
Fire sorte biler parkert ved siden av hverandre. Foto
Lukeparkering: Dagens siste elev har parkert for dagen. No står kun praten med trafikklærar Camilla Rønning att. Foto: Bjørnar Leknes.

Som far, så datter

Camilla Rønning er både født i og vokse opp i Levanger. At det var trafikklærar ho skulle bli, låg i korta.

– Pappa er trafikklærar, og har vore det i 19 år. No er vi kollegaer, seier ho og ler.

Med store grøne bokstavar står det «Eggen trafikkskole» både på bygning og bilar. Dette er ei bedrift med lange tradisjonar. I år er det 65 år sidan dei byrja som trafikkskule.

– Eg bestemte meg tidleg at det var dette eg skulle bli. Det var nok allereie medan eg gjekk i vidaregåande skule.

No er ho 27 år, og har vore trafikklærar i snart to år. Utdanninga tok ho ved Nord universitet i Stjørdal, kor ho studerte frå 2020-2022. Med andre ord: ho var student i koronakullet.

– Mykje av undervisninga føregjekk difor digitalt. Men praksisperiodane med køyring gjennomførte vi i bilgrupper på seks studentar i kvar gruppe. Vi ble ekstremt godt kjent, og eg møter framleis fleire av dei regelmessig, fortel Rønning.

Kvinne i døråpning til klasserom på trafikkskole. Foto
Trivsel på jobb: Camilla Rønning trivst på jobb. Ho fortel at trafikklærarmiljøet generelt er veldig godt. – Vi møtest ofte både på øvingsbanen og på sikkerheitstreffet Trøndsk. Sjølv om vi konkurrerar om dei same folka, går vi kjempegodt overeins, seier ho. Foto: Bjørnar Leknes.

Sakna meir pedagogikk i utdanninga

Som student kan ein fort kjenne på spenninga knytt til om ein får seg jobb etterpå eller ikkje. Men for Camilla og medstudentane var ikkje dette problematisk. Som trafikklærar er du attraktiv på marknaden, og mange fekk seg jobb tidleg.

– Det å vite at du har jobb å gå til før du er ferdig uteksaminert, er sjølvsagt fint. Men det gjer også at du får eit ekstra press på deg. For da må du bestå og få alt godkjent.

– Eg var på jobbintervju sommaren før siste studieår, og følte meg ganske trygg på at eg skulle få jobben. Difor søkte eg berre på denne eine stillinga, fortel ho.

Rønning fortel at ho i stor grad opplevde at utdanninga var relevant for jobben.

– Ja, og enda meir har eg nok kjent på det det siste året. Samstundes har eg også kjent på kva eg gjerne skulle lært meir om, som til dømes pedagogikk. Korleis tilpassar vi oss dei ulike menneska? Vi møter mange unge menneske med ulike utfordringar, som til dømes angst. Eg skulle gjerne ha lært meir om dette, for å være betre rusta.

Kvinne foran bil med kvinnelig kollega i og to mannlige kollegaer utenfor bilen. Foto
Erfaren jubilant. Eggen trafikkskole fyller 65 år i år. Camilla Rønning sin far, Per Gemar Rønning (til høgre), har jobba her dei siste nitten åra. I bilen sit kollega Stine Gresseth Hammer, og bak står kollega og dagleg leiar Sveinung Gundersen. Foto: Bjørnar Leknes.

Eit stort ansvar

– På kva for måte blir du tett knytt til folk i denne jobben?

– Akkurat som lærarar i grunnskulen, blir du tett knytt til elevane som person også som trafikklærar. Det gjer at det ikkje alltid er lett å sleppe dei frå deg, samt at det er veldig artig å møte dei att seinare. Dei kjenner deg jo att, og hugsar på deg.

Som trafikklærar blir du også litt psykolog. Elevane kan bli veldig trygge på deg.

Camilla Rønning, trafikklærar

– Som trafikklærar blir du også litt psykolog. Elevane kan bli veldig trygge på deg. Mange slit kanskje med noko privat, og da er det jo fint at dei kjenner på ein tryggleik overfor meg, seier Camilla.

– Føler du av og til på ansvaret over å skulle sende dei vidare til førarprøven, og med det også ut i trafikken?

– Ja. Du følger ekstra med når det har vore ei ulykke med yngre personar involvert. Det er litt skummelt. Difor sender eg aldri nokon til førarprøven utan at dei er trygge i trafikken.

– Kvifor vil du anbefale andre å bli trafikklærar?

– Denne jobben passer veldig bra om du er glad i folk og i å sitte i bil. Du møter mange fine folk, og kjem tett på dei. Dei blir på ein måte borna dine, seier Camilla Rønning med eit stolt smil.

Trafikklærar

Toårig utdanning i trafikksikkerheit, teori og praksis. Jobbmoglegheiter i heile landet, inkludert skuleverket og Statens vegvesen.

  • Oppstart: Haust 2024
  • Studiepoeng: 120
  • Søknadsfrist: 15. april 2024

Meir om studiet:

Trafikklærer (nord.no)

Kontaktperson